
Stordalen Fjellstove
- porten til Stølsheimen
Berre 90 minutt frå Bergen, ved porten til Stølsheimen i vest, finn du tradisjonsrike Stordalen Fjellstove. Her har det vore drift heilt sidan 1936. Fjellstova ligg flott til med utsyn over Stordalsvatnet, og ein kveld på terrassen her med sola i vest, er rett og slett magisk.
På Matre tek du av frå E39 og følgjer Fv 381 til fjells. Turen opp tek i utgangspunktet ein halvtime, men ta deg gjerne tid til eit stopp ved Hummelfossen kraftverk, der den imponerande ferdselsvegen Stegane startar, eller oppe på utsiktspunktet ved Fossen, før ferda endar på fjellstova. Her byr vi på eit godt måltid, og noko godt i glaset, medan du nyter panoramautsikt over Stordalsvatnet.
Prøv glamping i storslagen natur.
Overnatting
Stordalen Fjellstove har 14 rom i hovudhuset, og elles fire rom og fire leilegheiter i annekset, samt to hytter for utleige. - Eller kva med å prøve glamping i storslagen natur?
I tillegg har vi stor konferansesal og eigen pub i kjellaren.
http://www.stordalenfjellstove.no/overnatting/
Bubilcamp i solnedgang
Bubilparkering
Frå 2020 er det også lagt til rette for bubilparkering nedom fjellstova, med tilgang til straum, tømmestasjon, dusj/toalett og vatn, - vakrare utsikt frå bubilcampen skal du leite lenge etter!
http://www.stordalenfjellstove.no/bubil-campingvogn/
Kveldsstemning på terrassen
Mat og drikke
I restauranten har du panoramautsikt over Stordalsvatnet og naturen omkring. Ein perfekt stad å nyte eit godt måltid med god drikke. På varme dagar kan du også sitje ute på takterrassen vår.
Mèny:
http://www.stordalenfjellstove.no/restaurant/








Med Stordalen som utgangspunkt er moglegheitene for vandring i Stølsheimen fantastiske, enten du ynskjer å gå frå hytte til hytte, eller har fjellstova som utgangspunkt for kortare turar. Her er det berre å snøre skoa og pakke sekken for ei fantastisk oppleving i fjellheimen. Fjellstova er eit glimrande utgangspunkt for deg som likar jakt og fiske, berre hugs å kjøpe fiske eller jaktkort. Dette får du ordna på fjellstova.
Ynskjer du ei feiring på ein koseleg stad der de kan vere litt for deke sjølve?
I våre nyoppussa lokale kan me ordne:
God norsk tradisjonsmat – eller det du har mest lyst på.
Koselege salongar til å slappe av i.
Hyggelig bar.
Danselokale i kjellaren med musikk – eller vi kan skaffe eigen trubadur.
Moglegheiter for film/bildeframsyning.
Trådlaust lydanlegg.
Gratis wifi
Frå Bjørn West - marsjen 2020
Stordalen Fjellstove har ei dramatisk historie frå krigens dagar, der Bjørn West-styrkane på slutten av 2. verdskrig, ei tid hadde hovudkvarter på fjellstova. Dei siste kampane på europeisk jord gjekk føre seg i desse fjella. Du kan framleis følgje kurèrrutene til soldatane, der den mest kjende går frå Litlematrestølen og endar i Stordalen.
I 2021 går marsjen av stabelen sundag 22. august.
https://www.facebook.com/events/500979694502100
Om du ynskjer å følgje ruta ein annan dag finn du ruta her:
https://ut.no/turforslag/115236/bjrn-west-marsjen-litlematrestlen-stordalen-fjellstove.
Stordalen Fjellstove
902 58 846
Bjørn Westvegen 180
5984 Matredal
Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/search/top?q=stordalen%20fjellstove
Vertskapet på Stordalen Fjellstove, Anne og Lise
Kontakt oss:
Ta gjerne kontakt med oss via bestillingsskjemaet for spørsmål om opphald, mat, selskap eller anna.