
Solvang Gardsmat
Påfuglen Romeo - ein staseleg kar!
Solvang Gardsmat
Etter mange år i byen med drift av restaurantar og butikkar, lever Kristin og mannen no draumen med eit småbruk på landet. Solvang Gard og Solvang gardsmat held til på Hosteland i Masfjorden og her finn du både fargerike dyr og menneske.
“Talking to me..?”
Egg
Hønene på Solvang regjerer i andre etasje i låven på Solvang. Her lever 60 verpehøns og 60 rasehøns av ulikt slag eit borskjemt liv,- men leverer egg av beste kvalitet.
Eigenprodusert salsiccia - nam!
Kjøttprodukt
Solvang gard er heimen til omlag 115 vinterfora sauer, både villsau og spælsau. Dette gir råvarer til dei fantastiske pølsene som Solvang Gardsmat produserer. Her finn du både salsiccia og lammepølser. I tillegg kan du på hausten få kjøpt kjøt frå ullgris og på hausten, lammekjøt.
Nydelege skinn frå villsau og spælsau varmar godt i godstolen.
Saueskinn
Kvar haust hentar Solvang heim fargerike og vakre skinn frå eigne lam. Alle har levd eit førsteklasses liv på garden vår og skinna blir garva i Norge. Kortreist og av beste kvalitet. Du kan kjøpe eit, eller fleire som Kristin syr saman.
Skinnfellar - ei gåve til den som har alt?
Skinn frå eigne lam blir til dei vakraste skinnfellar i hendene til Kristin. Det er ei glede å sjå ho gi desse tradisjonelle saueskinna eit meir moderne uttrykk når det kjem til farge og mønstertrykk. Skinn kan syast etter ynskje på mål, farge og mønster. Ta gjerne kontakt om du vil kikke nærmare på skinnfellane.
Rekoringen
Solvang gardsmat er fast leverandør av egg til Rekoringen i Bergen. Dette er ei handelsplattform mellom lokale bønder og lokalbefolkninga utan mellomledd. Leverandør legg ut annonse på FB-sidene til dei aktuelle rekoringane og du som kunder bestiller varer under annonsene. Henting skjer på avtalt tidspunkt og stad. Merk at rekoringen berre tek i mot førehandsbestillingar. For din nærmaste rekoring; søk opp f.eks. rekoringen Fyllingsdalen på FB og be om å bli medlem då dette er private grupper. Etter aksept av din forespørsel kan du starte å bestille varer.






Solvang Gardsmat
solvanggardsmat@gmail.com
950 46 888
https://solvanggardsmat.no/
Ynnesdalsvegen 38
5986 Hosteland
Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/solvanggard
Kontakt
Dersom du har spørsmål til produkta våre, ynskjer å bestille, eller har lyst å komme på besøk til oss og dyra våre, send oss gjerne ei melding i skjemaet nedanfor.
Velkommen til Solvang Gard