
Litle Sleire 9.2.
-Velkommen inn på tunet.
På Litle Sleire finn du gardsbruket til Tove Kristin og Vidar Sleire Tistel. Her kan du helse på spælsau og høner, og oppleve gardslivet på ekte med stell og omsorg for dyra på garden.
Me organiserer aktivitetar og moro for bedrifta dykkar - velkommen til Camp Sleire.
Aktivitetar
Blåtur med jobben? Noko å feire? Om de ynskjer ein dag fylt med leik og moro er Litle Sleire eit paradis for alle som likar å vere i aktivitet ute!
Me gir dykk ein dag der friluftsliv, aktivitet og moro står på programmet. Me brukar området på garden der hinderløype og gardsleikar er stikkord som blir til meistring, lagbygging og samhald.
Lær deg tradisjonshandverk på Litle Sleire.
Kultur
Tove-Kristin brenn for å vidareformidle kunnskap om tradisjonshandverka våre, og på Litle Sleire kan du lære deg kunsten å bake dine eigne lefser og flatbrød eller arbeid med råstoff som ull, fisk, -og kjøt. Alt saman basert på råvarer frå eigen gard.
Eit skinn i utestolen er til glede heile året.
Gardsbutikk
Bruken av eigne råvarer er høgt verdsett på garden som sidan 2008 har drive med spælsau. Av ulla til sauene produserer garden sitt eige garn som har fått namnet «Sleirsull» .
Frå spælsauene hentar me heim att våre eigne skinn, og ingenting varmar så godt i stolen som eit spælsauskinn.
Etter eit besøk på Litle Sleire kan du trygt gå vinteren i møte med både nye labbar og eit skinn til stolen.






Opplev årstidene på Litle Sleire
Alt etter årstida, kan du oppleve kanopadling på Sleirsvatnet, fjellturar med stølen som mål, delta i stell av dyra både ute og inne, og hausting av naturen, anten det er frukt og grønsaker frå garden eller fiske på Sleirsvatnet.
Kontakt oss:
E-post:
tkstistel@gmail.com
Mob. 91 33 88 61
Sleirsvegen 57
5986 Hosteland
Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/Litle-Sleire-gard-9bruk2-153545898140826/?ref=page_internal
Eller besøk heimesida vår:
http://www.litlesleire.com/
Vertskapet på Litle Sleire 9.2, Tove Kristin og Vidar Sleire Tistel
Me er glade i besøk, så gi oss gjerne ein lyd her om du ynskjer å legge arrangementet ditt til Litle Sleire eller de har lyst å helse på dyra.