Frøyseth Gardsmat
- Det gode liv på landet.
God mat, gode sengar og ingenting som hastar.
Slik er det å vere gjest hos Ørjan og Tone på Frøyseth. Her bur du i ekte gardsomgivelsar der det gode liv på landet står i sentrum.
På garden driv dei med kyr og geiter, og med utgangspunkt i gode og naturlege eigenproduserte råvarer legg dei vekt på å halde lokale mattradisjonar i hevd. Ta gjerne turen innom gardsbutikken og kjøp med deg varer av høgaste kvalitet.
Velkommen til oss!
Gardsbutikk
I gardsutsalet finn du heimelaga pølser, karbonadar, spekemat, - og når sesongen kjem, klassisk julemat som pinnekjøtt, lammerull og sylteflesk. Alt etter årstid får du også ekstra mørt kjøt av lam, kje og hjort.
- Kortreist og gode produkt, basert på råvarer frå eigen gard.
Butikken er open kvar lørdag frå 13.00-17.00 og elles etter avtale.
http://froysethgardsmat.no/nb/gardsbutikk/
Overnatting
På Frøyset får du bu på ein levande gard med god standard. Nyoppussa bad og gode sengar i autentiske omgivelsar gir alle forutsetningar for eit godt opphald.
Me kan også by på flotte teltplassar dersom du ynskjer litt enklare overnatting.
http://froysethgardsmat.no/nb/overnatting/
Aktivitetar
Frøyset er eit ypperleg utgangspunkt for aktivitetar i Masfjorden. Godt merka turløyper til fjells, eller ein roleg sykkeltur i vakker natur gir turopplevingar for alle.
Vi har fiskerettigheiter i Frøysetelva og kan tilby laksefiske i sesongen, og på hausten kan me tilby hjortejakt med guide.
Dersom du heller vil på fisketur på sjøen, eller ut og bade, spør oss gjerne om båtutleige.
http://froysethgardsmat.no/nb/aktiviteter/
Frøyesth Gardsmat
ordaae@online.no
901 23 822
http://froysethgardsmat.no/nb/velkommen/
Frøyset 10
5986 Hosteland
Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/froysethgardsmat
Kontakt
Send oss gjerne ei melding i skjemaet nedanfor dersom du har spørsmål til gardsprodukt, overnatting eller aktivitetar hos oss.