Solvang Gardsmat
Solvang Gardsmat
Etter mange år i byen med drift av restaurantar og butikkar, lever Kristin og mannen no draumen med eit småbruk på landet. Solvang Gard og Solvang gardsmat held til på Hosteland i Masfjorden og her finn du både fargerike dyr og menneske.
Egg
Hønene på Solvang regjerer i andre etasje i låven på Solvang. Her lever 60 verpehøns og 60 rasehøns av ulikt slag eit borskjemt liv,- men leverer egg av beste kvalitet.
Kjøttprodukt
Solvang gard er heimen til omlag 115 vinterfora sauer, både villsau og spælsau. Dette gir råvarer til dei fantastiske pølsene som Solvang Gardsmat produserer. Her finn du både salsiccia og lammepølser. I tillegg kan du på hausten få kjøpt kjøt frå ullgris og på hausten, lammekjøt.
Saueskinn
Kvar haust hentar Solvang heim fargerike og vakre skinn frå eigne lam. Alle har levd eit førsteklasses liv på garden vår og skinna blir garva i Norge. Kortreist og av beste kvalitet. Du kan kjøpe eit, eller fleire som Kristin syr saman.
Solvang Gardsmat
solvanggardsmat@gmail.com
950 46 888
https://solvanggardsmat.no/
Ynnesdalsvegen 38
5986 Hosteland
Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/solvanggard
Kontakt
Dersom du har spørsmål til produkta våre, ynskjer å bestille, eller har lyst å komme på besøk til oss og dyra våre, send oss gjerne ei melding i skjemaet nedanfor.