Back to All Events

Bjørn West-marsjen

  • Stordalen Fjellstove 180 Bjørn West-vegen Matredal, Vestland, 5984 Norway (map)

Bjørn West Marsjen 2023

Sundag 20. august vert det igjen arrangert Bjørn West-marsj i Matrefjella! Meld deg på den 41. Bjørn West-marsjen

Sundag 20. august vert det igjen arrangert Bjørn West-marsj i Matrefjella. Rådet for Bjørn West-marsjen er glad for å kunne ønskja velkomen til Bjørn West- marsj nr. 41.

Her kan du vandra i fotspora til dei 259 ungdomane som kjempa for fridom under barske tilhøve i denne vakre fjellheimen.

Den tradisjonsrike turmarsjen går i flott fjellterreng mellom 400 og 750 moh. Den er til minne om motstandsgruppa Bjørn West som kjempa her på slutten av andre verdskrigen.

Du kan velja mellom kort og lang løype. Båe alternativa går gjennom områda der motstandsgruppa Bjørn West kjempa harde kampar mot dei tyske troppane som kom opp frå Matre og/eller Bjordal/Førde. Same kva alternativ du vel, så vert du teken godt i mot ved målgang ved Stordalen fjellstove.

Litt praktisk informasjon:
PÅMELDING: https://www.deltager.no/event/bjorn_west-marsjen_2023#init

Pris påmelding: kr 300,- for vaksne og kr 100,- for born (født etter 2007) som inkluderer naudsynt busstransport og premiering.

Lang løype:
Bjørn West-marsjen Lang (15 km) startar på Matre med registrering, og bussavgang mellom kl. 07.00 og 09.30 til Godbotn med marsj forbi Litlematrestølen til Stordalen Fjellstove.

Kort løype:
Bjørn West-marsjen Kort (6 km) startar i Stordalen (på parkering ved NAF) med registrering og bussavgang mellom kl. 10.30 og 12.00 til Nystølen i Sogn med marsj til Stordalen Fjellstove.

Kl. 14.30 vert det konsert ved - Amalie Duesund, Astrid Hoffmann Tollås og Rune Alver.

Kl. 15.15: Friluftsgudsteneste vert ved sokneprest i Masfjorden - Torbjørn Sæle.

Kl. 16.00 er det minnesermoni over dei falne i Bjørn West. Her vert det kransnedlegging og minnetale ved leiar på Bjørn West-museet - Arnold Matre.

Kvar: Matre i Masfjorden ca. 1 t nord for Bergen. Parkering ved Matre skule, Matre. Det er mogeleg å nytta ekspressbuss frå Bergen kl. 08.00. Stordalen ligg i Stølsheimen, 20 min frå Matre.
Det er oppretta arrangement her på Fb-sida til Bjørn West-marsjen.

Me ønskjer at flest mogeleg melder seg på førehand, fristen er laurdag 19. august kl. 15.00. Det vert mogeleg å melda seg på sjølve marsjdagen ved betaling via vipps, men då vil startkontingenten vera kr. 400 for vaksne (born kr. 100 som for ordinær påmelding)
Det kjem til å bli høve til å melde seg på sjølve dagen med betaling via vipps.

Kryss av for 20. august. Me vonar å sjå deg i Stordalen

Previous
Previous
June 29

Sommarutstilling i Kvamsdals fargeri