
Gjest, nytilflytta eller berre på dagstur?
Berre halvannan time nord for Bergen finn du Masfjorden. Masfjordingen er gjestfri og vil gjerne ta vel i mot deg. Her finn du tips til stader å besøkje, ting å gjere, overnatting og servering.
Sandneskafèen - eit måltid med utsikt.
Mat og seng
Masfjorden kan by på varierte mogelegheiter for mat og overnatting både for du som planlegg turar i Stølsheimen og du som gjerne vil oppleve skjærgard og båtliv. Lokale kafèar syter for god og lokal mat om du helst vil sleppe oppvasken, men om du helst vil ordne deg sjølv er dette mogeleg hos alle overnattingsbedriftene.
Sjå alle tilboda i hovudmenyen
Solvang gardsmat med utsal på Hosteland.
Lokal handel
Masfjorden kan by på mange småskalaprodusentar som leverer kortreiste produkt frå eigne råvarer. Her kan du ordne deg både kjøttvarer, egg og saueskinn mm. I daglegvarebutikkane finn du elles det meste du treng - og litt til.
Sjå alle tilboda i hovudmenyen
Bjørn West-museet på Matre.
Å finne på
Frå holmar og skjær i vest til høgfjellet og porten til Stølsheimen i aust. Ei kunstutstilling her, ein konsert der, eit keramikkatelier med salsutstilling, museum. Ta avstikkarar frå hovudvegen litt hit og dit og du vil finne opplevingar og aktivitetar som du gjerne ikkje venta akkurat her.
Sjå alle tilboda i hovudmenyen
Velkommen til Masfjorden
Natur, opplevelser og næring
Kanskje du kjenner Masfjorden berre som eit område du har køyrt gjennom? Då har du gått glipp av stopp hjå dyktige lokalmatprodusentar, interessante serveringsstader, utsal av lokale kunst- og handverksprodukt og historiske samlingar.
- Og over alt finn du vakker og variert natur som kan både nytast og brukast
Naturen
Lun skjergard med holmar og skjer i dei ytre delar av Masfjorden, som Risnes, Hosteland, Sandnesosen og Austfjorden, eller flott turterreng i Fjonfjella og Matrefjella.
I desse fjella føregjekk nokre av dei siste kampane under 2. verdkrig, særleg i området rundt Stordalen. Denne dramatiske historia frå motstandsrøyrsla Bjørn West, kan ein lære meir om ved å besøke Bjørn West museet på Matre.
Geografi
Dei tre bygdene Sørsida, Nordbygda og Indrefjorden er delt av Masfjorden, som er ei avgreining av Fensfjorden lenger ute. I dag blir fjorden trafikkert av kabelferja Fjon, eit eksotisk avbrekk på turen for deg som er på besøk.
Kontakt Gulen og Masfjorden Utvikling
gmu@gmu.no
90142025
Sløvågen 2
5960 Dalsøyra